Tindekliv På Sunnmøre

Tindekliv På Sunnmøre

350,-

Klatrehistoria på Sunnmøre er endeleg komen i bokform. Etter fleire års triveleg samarbeid med Dagfinn Hovden presenterer vi alpine fjellskrøner og ei mengd historiske klatrebilete.

Forfattaren tek tak i det kjeldene fortel om dei første tindekliva på dei mest markerte fjelltoppane på Sunnmøre. Det er ei lyssetting på kva fjellfolk tenkte om tindane og kva dei gjorde for å nå til topps. Dagfinn har brevveksla og hatt nær kontakt med det historiske fjellmiljøet både i Noreg og i England. Dette for å sikre at alt vert så rett formidla som råd.

Dagfinn kjem fort inn på engelskmennene sine utrulege framstøytar mot sunnmørske tindar på 1800-talet. Folkelivet og levekåra i Sunnmørsfjordane den tida er levande skildra sett med utanlandske auge. Han skildrar også tindepionerar frå sin eigen generasjon, Arne Randers Heen og dei lokale tindeklubbmedlemane Hallkjell Buset, Peder Sørheim og Olav Helset sine bravader vinter og sommar er ein viktig del av innhaldet.

Dagfinn er fødd i 1924. I sin eigen frodige nynorsk, som er godt forankra i 1917-normalen, nyttar han ord og seiemåtar som dagens fjellfolk aldri har høyrt. Likevel vil du ut av samanhengen skjøne kva orda tyder. Teksten speglar daglegtalen og har mange gamle, folkelege uttrykk. Skrivemåten til stadnamn er heller ikkje konsekvent. Dette er med på å syne at dialekter, namn og seiemåtar kan skilje seg frå mann til mann, frå grend til grend, og frå tiår til tiår. Boka inneheld lange sitat frå både engelsk og norsk fjellitteratur. Også desse sitata har Dagfinn omsett i sin eigen språkbunad. Dette er med på å gi innhaldet den historiske susen som stoffet fortener.

For å gjere tindesoga mest mogleg komplett har Stig Helset og Helge Standal fått boltre seg litt i Dagfinn sitt manus. Dermed har vi fått med klatreepistlar

heilt fram til våre dagar.

På jakt etter noe du ikke finner i butikken?

Som spesialistbutikk ønsker vi å tilby et bredere og mer spesialisert utvalg enn de vanlige butikkene. Gjennom våre leverandører har vi tilgang til mange flere produkter enn det vi har mulighet til å lagerføre — også de litt mer spesielle varene. Så skulle det være noe du ikke finner, eller trenger du tips om alternative produkter, så ta kontakt. Vi setter sammen en god pakke og bestilling til deg.

TLF: +47 93 20 02 47
kontakt@hardhaussport.no

Tom for ideer?

Kjøp gavekort til en friluftsinteressert hos oss! Du mottar en rabattkode som skal benyttes ved bruk av gavekortet. Koden får du på mail og skriver den bare på gavekortet som du kan printe ut å gi til den heldige! Vi lager også til et flott gavekort med tilhørende Hardhaus-konvolutt.

Gavekort egner seg fint som gave, til spleiselag eller til en du rett og slett ikke har peiling på hva ønsker seg!

Gavekortene finner du her